Dansedokka og langeleiken på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum
|
|
Elisabeth Kværne under Landskappleiken
|
Torsdag denne veka er det klart for framsyninga “Dansedokka og langeleiken” på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Elisabeth Kværne spelar langeleik og fortel om den spesielle dansedokka på museet.
Kværne er ein norsk folkemusikar på langeleik. Ho er til dagleg leiar for folkemusikkarkivet ved Valdres folkemuseum. Med seg har ho Stian Roland, som er tilsett ved Rff-senteret og Valdresmusea. Roland vann Landskappleiken i dans i 2005 saman med Gina Ingeborg Hagen og Tone Voldhaug. Han er òg ein dyktig kvedar. Roland og Kværne vil gje ei framsyning i langeleik, springdans og kveding.
Tilskipinga byrjar klokka 19.00 på torsdag 20.januar. Interesserte kan lese meir om tilskipinga her.
|
(01/17/2011)
|
|
| Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway | | Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01 | | postmottak.sffarkiv@sfj.no |
|