11; NoCache
Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling

I mars 2005 peika ABM-utvikling ut Sogn og Fjordane som prøveregion for nettbasert kulturformidling. ABM-utvikling støttar prosjektet med 1 million kvart år i 2005, 2006 og 2007. Samla har prosjektet eit årleg budsjett på 2,9 millionar med fylkeskommunen som den største bidragsytaren. ABM-utvikling er representert i styringsgruppa for prosjektet.

Hovudmålet med prosjektet er å utvikla ein samla strategi for beste praksis for regional og lokal nettbasert kultur og kunnskapsformidling med særleg vekt på: 1) samarbeid i ABM-sektoren, 2) samarbeid med kommunane, skulesektoren og næringslivet, 3) samarbeid med konkrete brukargrupper. Prosjektet er av praktiske grunnar delt inn i 14 arbeidspakkar. Arbeidspakkane heng nøye saman og dei representerer i grunnen fire fasar som vil vera heilt grunnleggjande i alle slike prosjekt:

  1. Infrastruktur. Sikra at institusjonane har god digital infrastruktur som breiband, servertilgang, databaseløysingar, publiseringsløysingar og gode digitale produksjonsløyper. Det er og svært viktig å utvikla den digitale kompetansen i ABM-institusjonane i fylket.

  2. Innhald. Løfta fram det som finst av digitalt innhald og gjera det tilgjengeleg på nettet i ulike former. I første omgang skal katalogar frå arkiv, bibliotek og museum verta søkbare på nettet på ein samla og brukarvenleg måte. Stikkorda er betre samordna bibliotektilbod, fylkesdekkande felleskatalogar for gjenstandar, foto, stadnamn, musikk, arkiv, multimedia med meir. Neste steget er å utvikla desse vidare og kopla dei med anna type innhald.

  3. Tenester. Dei viktigaste tenestene vert samla på Kulturnett Sogn og Fjordane og på Fylkesatlas.no. Begge vert og tilgjengelege som trådlause tenester. På innhald - og tenestesida tenkjer me ikkje institusjonar, men at me samla skal ha noko å tilby til alle i fylket. Det må finnast ein kritisk masse av innhald før det er mogeleg å tenkja slik. Sogn og Fjordane nærmar seg ein slik kritisk masse med digitalt innhald.

  4. Brukargrupper og samarbeid. Eit svært viktig mål med prosjektet er å invitera viktige brukargrupper med i den vidare utforminga av tenestene. Prosjektet inviterer særleg skuleverket, kommunane og næringslivet til dette arbeidet.

Prosjektet set brukarane i fokus og me trur at ein samordna innsats frå ABM-institusjonane er det beste for brukarane. Prosjektet skal spreia kunnskap og gje opplevingar. Tenestene frå Kulturnett Sogn og Fjordane og Fylkesatlas.no skal verta ei daglegvare for folk i fylket.

Prosjektet er delt inn i arbeidspakkar som alle heng nøye saman med infrastruktur, innhald, tenester eller brukarar. Desse arbeidspakkane er:

- Etablera felles teknologisk infrastruktur for ABM-sektoren
- Nytt Kulturnett Sogn og Fjordane
- Nye nettbaserte tenester frå musea
- Samordna bibliotektenester i ABM-sektoren
- Kunnskapsbase for Sogn og Fjordane
- Fleirspråklege tenester frå Kulturnett Sogn og Fjordane
- Samarbeid med kommunane
- Samarbeid med skuleverket
- Samarbeid med næringslivet
- Mobile løysingar for kultur - og kunnskapsnettet
- Nye modellar for kartpresentasjon
- Publiseringsløysingar for andre (Vestlandet, kommunar og regionar)
- Samsøk i ABM-ressursar
- Spreiing av resultat, handbok/idebank.

Det skal utarbeidast detaljerte planar for kvar arbeidspakke og dette vil verta gjort i eit breitt samarbeid der sentrale fagmiljø vil arbeida nært med viktige brukargrupper.

Prosjektet vert avslutta 31.12.2007 og planar, løysingar og tenester vil verta tilgjengeleg for alle på nettet etter kvart. Prosjektleiar er fylkesarkivar Gunnar Urtegaard.


Forfattar: Gunnar Urtegaard (09/05/2007)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no