11; NoCache
Mangfaldsåret 2008

2008 er markeringsår for kulturelt mangfald. Mangfaldsåret skal synleggjere og styrke det mangfaldet som finst og stimulere til auka kunnskap og interesse for kulturelt mangfald i kulturinstitusjonar. Det vert lagt vekt på samspelet mellom ulike miljø i majoritetsbefolkninga, urfolk, nasjonale minoritetar og innvandrarbefolkninga.

Fylkesarkivet ynskjer å ta tak utfordringa mangfaldsåret gjev oss. For det første vil vi vurdere våre eigne samlingar for å sjå på kva kjelder vi allereie har om kulturelt mangfald. Informasjon om desse kjeldene og historiene dei kan fortelje vil vi formidle gjennom artiklar og nettutstillingar. Arbeidet vil vidare gje oss eit godt grunnlag for å vurdere strategi for innsamling av nytt kjeldemateriale om kulturelt mangfald.

På denne sida vil du finne nyhendesaker, artiklar og nettutstillingar om mangfald i Sogn og Fjordane.


Misjonsarbeid i Zululand

Misjonsbiskop Hans Paludan Smith Schreuder (1817-1882), fødd i Sogndal, var den fyrste norske misjonæren i Afrika. Han tok til med misjonsarbeid i Zululand i 1850 og arbeidde mellom zuluane til han døydde i 1882. I samband med mangfaldsåret hentar vi no fram fire artiklar om Schreuder frå Kulturhistorisk leksikon. Les meir...


For lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane vart turistane eit møte med andre kulturar. Vi har laga to nyhendesaker om dette:

Turisme i Balestrand

Skeptisk til turisme


Under 2. verdskrigen hamna nær 100 000 sovjetiske borgarar i Noreg som tyske krigsfangar. Dei har gått under nemninga russarfangar, sjølv om dei òg kom frå andre republikkar i Sovjetunionen enn Russland. Siste åra er det komne nokre bøker om russarfangane her i landet. Kulturhistorisk leksikon har fire artiklar om russiske krigsfangar i Sogn og Fjordane. Les meir...

To menneske i møte = mangfald

Loveleen Rihel Brenna, med bakgrunn frå India og Noreg, sa dette på konferansen ”Det utfordrande mangfaldet” i Førde 3.-4. juli. Når dei to møtande tilhøyrer forskjellige etniske kulturar er den einaste skilnaden at spennvidda blir større. Les meir...


I kulturhistorisk leksikon er det lagt inn ein ny artikkel som beskriver eit kulturmøte i Sogn og Fjordane. "Saaledes spreder vi englændere vor civilisation ud over jordens overflate." Sitatet er frå boka til Charles Thomas-Stanford (biletet) som var i Sogndal for å fiske laks. Episoden han referer til var ein norsk kleppar som hadde banna på engelsk, då han ikkje klarte å hale iland ein 20 kilos laks. Les meir... Det siste nummeret av Kjelda har artiklar om mangfald i Sogn og Fjordane. Rahimolla Jurmy har skive ein interessant artikkel om sine erfaringar etter at han kom til Førde som flyktning for seks år sidan. Vi har også ein artikkel kalla "...få omstreifarane ut frå bygdi" og artiklar om samarbeid mellom Noreg og Island.


Fylkesarkivet har fått 160 000 kr i tilskot frå Norsk Kulturråd i samband med mangfaldsåret 2008. Bakgrunnen er ein prosjektsøknad om dokumentasjon og formidling av etnisk og kulturelt mangfald i Sogn og Fjordane. Les meir...


Det siste nummeret av Kjelda har fleire artiklar om mangfald. Dei tek opp bakgrunnen for mangfaldsåret, litt om kjelder frå Fylkesarkivet og ei interessant drøfting av omgrepa "kulturelt mangfald" og "etnisitet". Biletet på framsida av bladet er av eit ektepar av romanislekt og er teke i Florø av fotograf Horne.
Jacob Walnum var prest i Leikanger frå 1884-1896. Han var også stiftar av ”komite for det frivillige arbeid for omstreiferne”, seinare kjent som Norsk misjon blant hjemløse. Målet var å kristne romanifolket og få dei til å gje opp reisinga. Les meir...


Logo_Skulestova

Skulestova.no har samla informasjon om mangfaldsåret. Dette kan lærarar og elevar nytte for å auke sin kunnskap om kulturelt mangfald i Noreg. Les meir...

Torsdag 10. april var Fylkesarkivet ved Karianne Schmidt Vindenes invitert til å halde eit foredrag på Sogndal bibliotek. Saman med Aage Engesæter frå Sogn folkemuseum deltok vi på eit arrangement i regi av biblioteket og Sogndal mottak. Temaet for kvelden var ”eit glimt frå Noreg si historie”. Dette glimtet var formidla både på engelsk og fransk for interesserte tilhøyrarar frå heile verda. The following text is in both Norwegian and English. Les meir...

English users can click here!Cultural Diversity in Norway
If you want to learn about ethnic and cultural diversity in Norway, and what plans we, The County Archives in Sogn og Fjordane, have for "2008 – The Norwegian Year of cultural Diversity", this brief presentation is a good start.

Gå til den norske versjonen! Kulturelt mangfald
Dersom du vil vite meir om etnisk og kulturelt mangfald i Noreg, og kva planar Fylkesarkivet har for mangfaldsåret 2008, så er denne korte presentasjonen ein god start.

Documenting cultural diversity in Sogn og Fjordane, by Elin Østevik



Forfattar: Karianne Schmidt Vindenes (10/06/2008)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no