Fylkesarkivet sin lesesal held ope tysdag til fredag kl 09.00 – 15.00. I ferietider og ved høgtider har vi redusert opningstid. Lesesalen ligg i Fylkeshuset med inngang på høgre hand, når du kjem inn hovudinngangen til huset.
Søk i fylkesarkivet sitt bibliotek
(Du må velge avdeling: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
På lesesalen finn du ei boksamling med lokalhistorisk litteratur frå heile fylket og kvar av dei 26 kommunane. Dei er ordna for seg. I tillegg er det faglitteratur innan slekt, utvandring, historie, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv. Du finn og ei tidsskriftsamling med lokale tidsskrift i tillegg til fagtidsskrift for dei same faga som litteraturen.
Lesesalen har ei samling med lokalhistoriske kjelder frå Sogn og Fjordane på mikrofilm som folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser. Samlinga av mikrofilma lokalaviser er under oppbygging. På lesesalen kan du sjå på filmane i ein mikrofilmskanner. Du kan og få ta kopiar av sider du er interessert i.
Bøker, tidsskrift og filmar er registrerte i ein elektronisk base. Du kjem då til avansert søk og har svært mange inngangar eller søkjemuligheiter til bøkene. På enkelt søk har du færre inngangar. Her kan du søkja på tittel, del av tittel, forfattar eller omtala person og emneord. Du har og tilgang til eit fritekstsøk. Pr. 27.05. har Fylkesarkivet 2075 registrerte titlar.
Lesesalen har fleire pc-ar som er tilkopla Internett. Her kan du få nytta Fylkesarkivet sin databasar og anna på nettet. På lesesalen kan du få studere arkiv, både private og offentlege etter avtale.
Kontakt oss om du har spørsmål knytt til lesesalen eller om du ynskjer å sjå på eit arkivmateriale. |