|
Statens vegvesen Region Vest og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har inngått ein avtale om å formidla soga om vegane i fylket. Målet er å løfta fram og gjera tilgjengeleg denne delen av kulturarven gjennom populærvitskaplege artiklar, som fortløpande vil bli lagt ut på Fylkesarkivet sine kulturhistoriske nettsider.
>>Vis artiklar om vegbygging
Her vil lesarane finna små og store hendingar som har skapt den samferdslestrukturen som vi har i fylket i dag. Målet er og å presentera større regionar og vegstrekningar for å visa vegutviklinga både geografisk, politisk og over tid.
Her vil ein kunne finna stoff om det særmerkte ved vegutviklinga i kystregionen, og om korleis vegsambanda mellom regionane utvikla seg.
Her vil dei storslegne jernbanevyene, som var framme i 1920-åra, bli presenterte, så vel som ferjeutviklinga i dei ulike regionane. Du vil og finna små stykke om den meir nære vegbygginga i din eigen kommune, og ikkje minst kan du lesa om dei store moderne vegprosjekta som har bunde saman store delar av fylket.
Avtalen vart underteikna i juni av fylkesarkivar Gunnar Urtegaard og trafikksjef Paal Fosdal. Historikar Kristin Ese, tidlegare informasjonsleiar i Statens vegvesen Sogn og Fjordane, er engasjert til skrivearbeidet |