11; NoCache
Fylkeskommunale arkiv

Fylkesarkivet arbeider for at historiske arkiv frå den fylkeskommunale verksemda vert oppbevart og formidla i tråd med gjeldande lovverk.

Arkiva utgjer ei interessant kjeldegruppe, sæleg knytt til vidaregåande opplæring (gymnas/vidaregåande skule) frå 1858 og fram til idag. Men her er og arkiv frå regional planlegging og -utvikling og helseinstitusjonar i fylket.

Gjennom ein avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune leverer Fylkesarkivet ei rekkje arkivtenester knytt til fylkeskommunale arkiv. Dei viktigaste er depottenester. Fylkesarkivet skal førebu og planlegge avleveringar av arkiv til arkivdepot. Fylkesarkivet har og driftsansvar for fylkeskommunen sitt arkivdepot, inkludert katalogverk og publikumstenester.

Dei fylkeskommunale arkiva er i hovudsak oppbevart i Leikanger, og gratis tilgjengelege på Fylkesarkivet sin lesesal etter skriftleg søknad.

NB! Har du tips om arkiv eller kjelder som kan vere av interesse for oss, er du svært velkomen til å ta kontakt med oss.

Kontakt oss om du har spørsmål om fylkeskommunale arkiv, eller ønskjer å sjå eit arkiv.

Tips til deg som arbeider med arkiv i fylkeskommunen:

Retningsliner og malar finn du under kommunale arkiv. Sjå her.


Forfattar: Snorre D. Øverbø (02/04/2008)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no