11; NoCache
Gardsleksikon

Det er kring 2600 ulike namnegardar eller matrikkelgardar i Sogn og Fjordane fylke. Opp gjennom tidene har gardane og dei ulike bruka vore buplassar for folk i Sogn og Fjordane. Alle eigedomar, frå ei hustuft ved havet til eit stort gods inne i fjordane, høyrer til ein matrikkelgard.

Søk i gardsleksikon

Soga om gardane og buplassane er og ein viktig del av soga til folket som har budd i fylket. Gardsleksikon inneheld eit oversyn over alle gardar i fylket. Gardsnamna er skrivne i samsvar med Statens Kartverk sine vedtak. Gardane er og kartfesta ved hjelp av koordinatar slik at ein lett kan søkja fram ein gard og deretter sjå kvar i fylket denne garden ligg.

Mange viktige historiske kjelder, som folketeljingar, matriklar med meir vart organiserte etter matrikkelgardane. Me har difor laga koplingar mellom gardsregisteret og dei ulike kjeldene som omtalar gardane og bruka.

Det same har me gjort i høve til databasar for stadnamn, foto, gjenstandar i musea med meir. Innhaldet i desse basane vert og registert med opplysningar om kva gard dei har tilknyting til. På det viset kan du som brukar leita fram ein særskild gard i fylket og sjå kva opplysningar som er registrerte om nett denne garden.

I gardsleksikonet vil det stadig dukka opp ny informasjon etter som me får inn nytt tilfang.

Døme på søkeresultat i gardsleksikon for garden Foss i Sogndal.


Forfattar: Gunnar Urteggard (10/29/2007)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no