12; NoCache
Vegen vidare for Sogn og Fjordane

Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 2005 — 2008 er eit styringsdokument for utvikling i fylket. Kommunane, offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar har i fellesskap utvikla strategien under leiing av fylkeskommunen. Det er også denne regionale partnerskapen som vil arbeide med strategiane gjennom felles program og konkrete prosjekt.

Hent dokumentet 'Vegen vidare for Sogn og Fjordane' (doc-fil)

Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 2005 — 2008 er eit styringsdokument for utvikling i fylket. Kommunane, offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar har i fellesskap utvikla strategien under leiing av fylkeskommunen. Det er også denne regionale partnerskapen som vil arbeide med strategiane gjennom felles program og konkrete prosjekt.

, Det overordna målet er å halde oppe folketalet og busetnaden. Vi ynskjer at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og Fjordane. God helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar.

Sogn og Fjordane vil truleg halde fram med å vere eit fylke av små og store bygder og bygdebyar. Vi må såleis halde fram å utforske korleis vi kan nytte vår struktur som ein ressurs. Verdiskapinga må styrkast gjennom å ta heile fylket i bruk og nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte.

Tenestenæringane må styrkast, men det er lite truleg at det kan skapast nok slike arbeidsplassar til å vege opp for tapet i landbruket og industrien. Vi må satse på dei tradisjonelle næringane, samstundes som vi stimulerer nye næringar bygd på natur- og kulturgrunnlaget.

Vi har mange fordeler — sterk lokal identitet, historie og kulturarv, gode bumiljø med dugnadsånd og aktivt friviljug organisasjonsliv, kunnskapar om å utnytte og ta vare på lokale ressursar, tradisjonar for mangesysleri og fleksibel arbeidskraft.

Dette skulle borge for at mange fleire tek fatt og skaper sitt eige levebrød i Sogn og Fjordane. Men dette kjem ikkje av seg sjølv og det er viktig å dra i gang etaberarprosessar, og ha nok midlar og evne til å stø opp om etableringar, omstillingsprosessar og utvikling av verksemder.

Det blir også satsa mykje på konkret trening og haldningsarbeid i skulen for å skape entreprenørar og aktive tiltaksmenneske generelt.

Næringslivet i Sogn og Fjordane har vore internasjonalt retta sidan vikingetida! Det er mykje å vinne på å arbeide systematisk med å utveksle kunnskapar og løyse oppgåver som i sin karakter er internasjonale.

Satsingsområda er:

Verdiskaping i:
- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn
- Sjøretta aktivitet
- Tenesteyting

”Bu og leve” gjennom arbeid med:

- Folkehelse
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd



Satsingsområde

Havbruk og fiske

Industri

Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd

Nye næringar / tenester

Småskala næringar og lokalsamfunn. Bruk og vern

Folkehelse og livsutfalding

Ungdom