Arbeidsgruppa for ”Ungdom” har levert sin sluttrapport. Gruppa har vore samansett av representantar frå ungdomspolitisk utval, Elevorganisasjonen, NHO/Ungt entreprenørskap, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Innovasjon Noreg, og Firda vidaregåande skule.
Last ned rapporten (PDF dokument)
Fylkestingsrepresentant Erling Sande frå senterpartiet har leia arbeidet.
Arbeidsgruppa for ungdomssatsinga har bygd sitt arbeid rundt dei fire områda ungdom og medverknad, kultur og fritid, arbeid og entreprenørskap og utdanning og internasjonalisering.
Det vart sett følgjande overordna mål for arbeidet:
- Utvikle vidare Fylkesting for ungdom som arbeidsform for medverknad
- Legge til rette for kulturutfalding og entreprenørskap for ungdom
- Arbeide for trygg og tenleg kollektivtransport for ungdom
- Halde fram arbeidet med ”ungdommens kulturmønstring
- Aktivt marknadsføre fylket med tanke på tilflytting
Arbeidet er oppsummert i ein rapport (sjå lenke i toppen av dette dokumentet) og i ei liste over prioriterte tiltak innafor dei fire nemnde områda.