Hent dokumentet 'Vegen vidare for Sogn og Fjordane' (doc-fil)
Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 2005 — 2008 er eit styringsdokument for utvikling i fylket. Kommunane, offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar har i fellesskap utvikla strategien under leiing av fylkeskommunen. Det er også denne regionale partnerskapen som vil arbeide med strategiane gjennom felles program og konkrete prosjekt.
Det overordna målet er å halde oppe folketalet og busetnaden. Vi ynskjer at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og Fjordane. God helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar.
Sogn og Fjordane vil truleg halde fram med å vere eit fylke av små og store bygder og bygdebyar. Vi må såleis halde fram å utforske korleis vi kan nytte vår struktur som ein ressurs. Verdiskapinga må styrkast gjennom å ta heile fylket i bruk og nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte.
Tenestenæringane må styrkast, men det er lite truleg at det kan skapast nok slike arbeidsplassar til å vege opp for tapet i landbruket og industrien. Vi må satse på dei tradisjonelle næringane, samstundes som vi stimulerer nye næringar bygd på natur- og kulturgrunnlaget.
Vi har mange fordeler — sterk lokal identitet, historie og kulturarv, gode bumiljø med dugnadsånd og aktivt friviljug organisasjonsliv, kunnskapar om å utnytte og ta vare på lokale ressursar, tradisjonar for mangesysleri og fleksibel arbeidskraft.
Dette skulle borge for at mange fleire tek fatt og skaper sitt eige levebrød i Sogn og Fjordane. Men dette kjem ikkje av seg sjølv og det er viktig å dra i gang etaberarprosessar, og ha nok midlar og evne til å stø opp om etableringar, omstillingsprosessar og utvikling av verksemder.
Det blir også satsa mykje på konkret trening og haldningsarbeid i skulen for å skape entreprenørar og aktive tiltaksmenneske generelt.
Næringslivet i Sogn og Fjordane har vore internasjonalt retta sidan vikingetida! Det er mykje å vinne på å arbeide systematisk med å utveksle kunnskapar og løyse oppgåver som i sin karakter er internasjonale.
Satsingsområda er:
Verdiskaping i:
- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn
- Sjøretta aktivitet
- Tenesteyting
”Bu og leve” gjennom arbeid med:
- Folkehelse
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd