|
Fysisk aktivitet er eitt av satsningsområda i folkehelsearbeidet
|
| Bakgrunn |
| Med Stortingsmelding nr 16 (2002-2003) "Resept for et sunnere Norge" ynskjer Regjeringa å sette folkehelse og den ”store helsepolitikken” på dagsordenen, og skape ein infrastruktur for folkehelse gjennom partnarskap.
Fylkeskommunane vart i 2004 utfordra til å ta ansvar for etablering og drift av partnarskapet. Regjeringa løyvde i 2004 ti millionar til infrastruktur og valte fem fylke som skulle prøve ut ulike modellar i partnarskapsarbeidet. Sogn og Fjordane var ein av desse. I 2005 vart ytterlegare to fylkeskommunar med i satsinga.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i 2004 og 2005 oppretta partnarskapsavtale med 14 kommunar og målet er at alle dei 26 kommunane i fylket skal bli med i partnarskapet. |
|
| Fylkesplanen |
|
Sogn og Fjordane fylkeskommune har arbeidd med folkehelse gjennom fleire år, og har i fylkesplanperioden 2005-2008 eit eige program på området: ”Folkehelse og livsutfalding” . Det er etablert eit tett samarbeid med mange regionale instansar, stat, kommunar og frivillige organisasjonar. Det er oppretta ei regional partnarskaps-gruppe ”Forum for folkehelse” (link til side medlemmane).
I dag nyttar dei fleste kommunane seg av våre tilskotsordningar for å gjennomføre prosjekt og tiltak for utsette grupper i lokalmiljøa – nokre få kommunar har teke eit heilskapleg grep om dette arbeidet. |
|
|
Kommunesamarbeid |
Sogn og Fjordane fylkeskommune vil gjennom programmet ”Folkehelse og helsesamarbeid”, styrke folkehelsearbeidet i fylket ved å etablere ei folkehelsekjede slik St.meld. nr. 16 legg opp til i kap. 8. Dette inneber at vi mellom anna vil inngå partnarskapsavtale med motiverte kommunar.
Meir om kommunesamarbeid
Føringane i meldinga vil ligge til grunn for avtalen - der både kommunane og fylka skal ha:
- Ein koordinatorfunksjon som er sentralt administrativt forankra
og har nærleik til det politiske nivået.
- Ei organisering som ivaretek det tverrsektorielle perspektivet
- Ei politisk forplikting og forankring av verksemda i planverket
- Eit samarbeid som omfattar frivillige organisasjonar og andre
viktige aktørar
|
|
| Regionsamarbeid |
På regionalt nivå skal det opprettast ei gruppe sett saman av statlege instansar, fagmiljø, frivillige organisasjonar og fylkeskommunen. Denne gruppa skal koordinerast av fylkeskommunen, og vil få ansvar for å fylgje opp kommunane både økonomisk og fagleg. Vidare skal gruppa drive eit fylkesnettverk, samt arrangere ulike seminar og konferansar.
Les meir |
|
Emma Bjørnsen
Folkehelsekoordinator i Sogn og Fjordane |
|

|
|
|
Emma Bjørnsen samordnar folkehelsearbeidet i fylket under eit eige program. Samarbeidet med kommunane har fått nemninga "Vardar for folkehelse". Ho er kommunane sin kontaktperson.
Kontorstad: Prestebøen 8, Førde
Kontordagar: alle dagar
Tlf.: 57825024.
Mobil: 95819841
Fax: 57825001
E-post: emma.bjornsen@sf-f.kommune.no
Adresse: Postboks 173, 6801 Førde |
|
Frode Hallandvik
Fysisk aktivitet |
|

|
|
|
Fysisk aktivitet er eit prioritert område i fylkeskommunen sitt fyrtårnsarbeid innan folkehelse. UNGarena er eit prosjekt for fysisk aktivitet med målgruppe 13-19 år. Frode fordelar sin arbeidsinnsats mellom prosjektet og folkehelsearbeidet.
Kontorstad: Prestebøen 8, Førde
Kontordagar: Man-fre 08.00-16.00
Tlf.: 57 82 50 25
Mobil: 41 53 09 48
Fax: 57825001
E-post: frode.hallandvik@sf-f.kommune.no
Adresse: postboks 173, 6801 Førde |
|
Bjørg Eikum Tang
Fylkesmannen sin representant i folkehelse-samarbeidet

|
Namn: Bjørg Eikum Tang Kontorstad:Leikanger
Kontordagar: alle dagar
Tlf.: 57655517, mob. 93202490
Fax: 57655510
E-post: bet@fmsf.no
Adresse: Skrivarvegen 3, 6863 Leikanger |
Meir om folkehelsearbeidet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane |
|